about-me variable
Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling inviterer deg til deres webinar

Grønne reiser 3 - parkeringsstrategi for betre stadutvikling

Om dette webinaret

Parkeringspolitikk er eit verktøy for å utvikle levande og berekraftige småbyar og tettstader. I dette webinaret deler Asplan Viak og Vågan kommune råd og erfaringar om korleis parkeringsstrategi bidreg til meir levande og berekraftige stader i distrikta.



For folk som bur i og rundt småbyar og tettstader i distriktsregionar er bilen viktig i kvardagen. Den har difor fått mykje plass i sentrumsområda våre, med store asfaltflater og parkering der det passar seg. Bilen fungerer som ei stor handveske, der vi køyrer frå stad til stad i sentrum. Bussar og vogntog fyller opp allmenningar og offentlege plassar.

Samstundes blir det mindre plass til folk og aktivitet. Dersom vi skal utvikle attraktive og berekraftige stader over heile landet, må også småbyar og mindre stader legge til rette for at fleire går, syklar, bur, jobbar og brukar sentrumsområda aktivt. Å regulere og styre bilparkering i mindre tettstader er vanskeleg, men gjerne nødvendig.

Er det mogeleg å få til ei betre balanse? Kan parkeringspolitikken vere eit verktøy for meir plass til møter og aktivitetar mellom folk, og levande og berekraftige stader?

Desse får du høyre

I dette webinaret gjev Gorm Carlsen frå Asplan Viak gode råd om korleis mindre kommunar kan utvikle parkeringspolitikk- og strategiar, og kva tiltak som kan vere aktuelle. I tillegg får vi høyre frå Vågan kommune i Nordland, som deler sine erfaringar med å lage og gjennomføre parkeringsstrategi for småbyen Svolvær og tettstadene Kabelvåg og Hemingsvær. Webinaret varar i ca 1 time, og det vert høve til å stille spørsmål til innleiarane.

Målgruppe

Målgruppe for webinaret er planleggarar og andre som jobbar med gode løysingar for berekraft, folkehelse og levande stader. Webinaret er det siste i ei rekke på 3 om grøne reiser i småbyar og mindre tettstader. Del 2 - gange, sykkel og spark, går 25. september - meld deg på her. Del 1 - smarte kolletivløysingar, gjekk av stabelen 13. september, sjå webinaret i opptak her.

Arrangeres av

  • Guest speaker
    BG G
    Bill Gradin Vågan kommune

  • Team member
    KD T
    Kdu Distriktssenteret

  • Guest speaker
    GC G
    Gorm Carlsen Seniorrådgiver samferdsel @ Asplan Viak

Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling

Pådrivar for kunnskapsbasert og framtidsretta lokal samfunnsutvikling

Distriktssenteret er en offentlig virksomhet som jobber for å styrke kommuner og regiones evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.